I Hareid kommune er det eit stort fleirtal for at Hareid skal halde fram som eigen kommune. Heile 72,6 prosent røysta for det.

Bigset

I Bigset var det eit stort fleirtal for at Hareid skal halde fram aleine som eigen kommune. Det røysta 242 personar på. Alternativet Runde kommune fekk 45 røyster. At Hareid bør slå seg i lag med Ålesund med fleire var det 23 personar som meinte. 2 røysta blankt.

I Bigset bur det 750 røysteføre, av dei var det 313 som røysta. Det vil seie ein valoppslutnad på 42 %.

Brandal

I Brandal var det også eit klart fleirtal for at Hareid skal halde fram aleine. Det røysta 92 personar for. 23 ønskjer at Hareid blir med i Runde kommune. 7 personar vil ha Hareid med i nye Ålesund kommune, og 2 røysta blankt.

I Brandal røysta 124 av 295 røysteføre.

Hjørungavåg

I Hjørungavåg bur det 733 røysteføre. Av dei var det 284 personar som nytta røysteretten sin.

Her var det 231 som røysta for Hareid aleine, 31 for Runde kommune, 16 for Ålesund og 6 blanke røyster.

Hareid sentrum

I Hareid sentrum var det 2271 røysteføre, der 828 røysta i denne folkerøystinga.

567 av dei røysta for at Hareid skal halde fram som eigen kommune. 139 røysta for Runde kommune. 104 røysta for at Hareid bør gå saman med Ålesund. 15 røysta blankt.