Hareid Group har ei vindmølle utanfor bygget sitt og 1700 kvadratmeter med solcellepanel på taket, skriv nett.no . Juni var ein særs god månad. Dei var ikkje berre sjølvforsynte med energi i juni, dei hadde til og med energi til overs. Den leverte dei inn på Tussa-nettet.

Solcellene på taket produserar 220.000 kw straum i året. Det er det tredj største solcelleanlegget i Noreg. Konsernsjef Ronald Dyrhol fortel at det ikkje trengst sol for at panela skal fungere heller. Til nett.no seier han at det berre trengst lys - ein kald vinterdag med snø er ein god dag for solcellene.

Fornybar energi er ei ny satsing for Hareid Group. Konsernsjef Ronald Dyrhol trur det er ein stor marknad for dette i Norge og internasjonalt, skriv nett.no.