Bønder i Norangsdalen måtte tømme ut mjølk til ein verdi av om lag 30.000 kroner fordi ferja tok juleferie, skriv lokalavisa Møre-Nytt i Ørsta.

Leiar Steffen Norang i Norangdal Grendelag fortel at mjølkeprodusentane i Norangsfjorden 1. juledag fekk melding frå Tine om at dei måtte tømme ut mølka dei hadde på tankane, om lag 5.000-6.000 liter. Dette fordi tine Råvarehandtering ikkje greidde å få mjølka inn til meieriet. Vegen gjennom Norangsdalen var stengt på grunn av uver, og ferja på Hjørundfjorden gjekk ikkje i det heile 1. juledag.

Tine hentar mjølk kvar tredje dag, og denne gongen trefte det på ein dag då ferja ikkje gjekk.

Bøndene får kompensert noko av tapet, men det handlar om meir enn det.

- Vi skal ha respekt for maten til folk, og vi skal ha respekt for at det er folk i verda som svelt. Det kjennest meiningslaust å måtte kaste så mykje verdiar i mat, kommenterer Steffen Nordang.

Møre-Nytt har ikkje lykkast med å få kommentar frå Fjord1.