Det viser målingane på vêrstasjonane til Meteorologisk Institutt  i Fiskåbygd og på Vigra.

Middeltemperatur i Fiskåbygd per 15. november var + 8,7 grader. Normalen er + 3,5 grader, d.v.s. at årets november ligg 5,2 grader over det normale - og føyar seg dermed fint inn i den lange haust-trenden med svært høge temperaturar.

På Vigra har middeltemperaturen vore endå høgare: + 9,3 grader - mot normalt + 4,6 grader. Dermed 4,7 grader over normalen.

Men no skal det snu: Mot slutten av veka vil temperaturen nærme seg nullpunktet. For Hareidlandet er det varsla + 2 grader fredag, + 3 grader laurdag og + 2 grader søndag. Det blir spådd nedbør både fredag og laurdag - og denne vil truleg kome som snø - i alle fall eit godt stykke ned etter fjellsidene - og kanskje også i låglandet.