NPK: Selskapet Nekst AS har søkt om konsesjon for det som kan bli det største landbaserte oppdrettsanlegget i verda, skriv Firdaposten.

Oppdrettsanlegget skal kunne romme ein produksjon på 20 millionar storsmolt på ein kilo. Dermed får anlegget ein kapasitet på 20.00 tonn, og det er tenkt bygd like ved oljebasen på Botnaneset i Florø.

Utsett av fisk med denne storleiken vil redusere sjøfasen til nærmare ni månader. Den korte opphaldstida i sjøen betyr mindre avlusing, mindre sjukdom, betre inntening, og auka berekraft, skriv Nekst AS i ei pressemelding.

Dersom alt går etter planen, skal anlegget også få sitt eige biogassanlegg. (©NPK)