Ulstein kulturskule har ikkje greidd å skaffe dramalærar til neste skuleår, difor blir det ikkje tilbod om dramaundervisning ved kulturskulen til hausten.

Dramaelevane og deira føresette har fått brev om dette. Dei som alt er elevar ved kulturskulen får tilbod om undervisning på kreativ verkstad og tverrfløyte i staden.