Møre og Romsdal Fylkeskommune arrangerer to bustadseminar neste veke. Eit i Fosnavåg onsdag 15. oktober og eit i Surnadal dagen etter. Seminara er opne for alle kommunane i fylket.

Mange stader i fylket er det av ulike årsaker mangel på eigna bustader. Bustadmarknaden er ikkje sjølregulerande. Kan kommunane ta ei rolle i å sikre nok og rett type bustader til rett pris? Arrangørane har invitert sentrale aktørar til å setje fokus på dette viktige temaet.

Utdrag frå programmet:

«Bustadbygging og regional utvikling – årsak eller verknad?» Ole Helg Haugen, Fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

«Kva avgjer kvar vi vil bu? Bustadplanlegginga si rolle i samfunnsutviklinga» Trude Risnes, seniorrådgivar ved Distriktssenteret.

«Boligmarkedet, boligpolitikken og kommunenes handlingsrom» Eigir Moberg, Husbanken.

Boligbehovet- hva er det, og hvordan dekkes det?» Per Jæger, adm.dir. i Boligprodusentenes forening.