Frå hausten betrar SAS rutetilbodet sitt på Vestlandet og Midt-Noreg.

Det blir nye ettermiddagsavgangar både i Bergen og Ålesund, betre rutetabell mellom Ålesund og Trondheim og fleire direkteruter mellom Stavanger og Trondheim.

Styrkinga av ruteprogrammet skjer frå 26. oktober. Frå då vil det gå fem direktefly med SAS, kvar veg, mellom Stavanger og Trondheim. Dette kjem i tillegg til seks gjennomgåande ruter via Bergen.

- SAS opplever sterk vekst i trafikken mellom Stavanger og Trondheim. Det gjev grunnlag for denne auken som spesielt er tilpassa næringslivet sine ønskje i dei respektive regionane, seier konsernsjef for sal og marknad i SAS, Eivind Roald, som konstaterer at nye morgon- og ettermiddagsavgangar frå båe byane også gjev raskare samband til Nord-Noreg, og eit betre samband til Aberdeen.

Nye ettermiddagsavgangar på Vigra

Ruteprogrammet blir også betre mellom Ålesund og Bergen, gjennom nye ettermiddagsavgangar både på Vigra og Flesland. Mellom Ålesund og Trondheim vil ei etterlengta ruteendring tilfredsstille ønsket om å gjennomføre møte i Ålesund med godt taima retur same dag til Trondheim, og godt samband vidare til Nord-Noreg.

- Passasjerane våre har etterlyst betre tidtabell og fleire avgangar mellom Ålesund og byane Bergen og Trondheim - og det skal dei få no, seier Eivind Roald.