Med sju båtar blant dei femten beste på miljøindeksen Environmental Ship Index (ESI) ligg Island Offshore sine kundar an til å spare gode pengar på reduksjon av havneavgift og losberedskapsavgift framover.

Dette er nemleg «premien» for å kunne vise til låge utslepp av nitrogenoksid (NOx), svoveloksid (SOx) og klimagassen CO2 blant fartøy i utvalde norske hamner.

ESI identifiserer skip som reduserer utslepp i større grad enn det som vert kravd av noverande utsleppsstandardar i IMO (International Maritime Organization).

- Eit satsingsområde

Ved hjelp av eit poengsystem som gir rabattordningar oppfordrar dei reiarlaga til å få ned utsleppa til luft så mykje som mogleg. Island Offshore tronar heilt i toppen med to av sine farty, og dei fem neste som er registrerte kjem like bak.

- Ser ein på utsleppa av SOx så skiljer vi oss ikkje så mykje frå dei andre fartøya vi samanliknar oss med, då dette avhenger av svovelinnhaldet i drivstoffet vi bunkrar. Dette er regulert, og likt for alle på desse kantar. Når det gjeld utslepp av NOx derimot, så er dette avhengig av gode reinseanlegg eller bruk av LNG som drivstoff for å få ned utsleppa. Dette har vore eit satsingsområde for oss og er naturleg nok ein stor investeringskostnad for reiarlaget, seier administrerande direktør i Island Offshore Håvard Ulstein.

Miljørabatt

ESI kom i stand i 2011, som eit internasjonalt program utvikla av the World Ports Climate Initiative (WPCI), der viktige hamner verda rundt gjekk saman for å få ned forureininga medan båtane låg ved havn.

Oslo hamn var fyrst ute med å tilby miljørabattar i Noreg, og sidan har Kristiansand og Stavangerregionen fulgt etter med reduserte kaiavgifter ved landligge.

Også Kystverket bidreg i miljøkampen og har frå 1. januar tilbydd 50% reduksjon i losberedskapsavgifta for fartøy med ESI-score på over 50 poeng. Island Offshore sine fartøy er godt over denne grensa. Dei to fartøya med høgast score; Island Chieftain og Island Condor, har henholdsvis 96,7 og 94,9 poeng kvar.

- Satsar på rett type utstyr

- Den gode plasseringa blant fartøya våre kjem av målretta arbeid med fokus på miljø, men det er også viktig å få fram betydninga av å legge pengane i rett type utstyr når ein bygg båt. Fartøya våre er utstyrte med gode reinseanlegg, og sjølv dei kraftige ankerhandtererane våre Island Vanguard og Island Valiant kjem godt ut av det når det gjeld utslepp til luft. Vi jobbar kontinuerlig på dette området, og testar ulike system for å bli enda betre, seier Ulstein.

Intern miljøkampanje

Island Offshore har sidan 2009 hatt ein miljøkampanje internt kalla «Island’s Contribution». Det starta med at alle tilsette vart oppmoda til å finne gode måtar å redusere forbruken av brennolje på, og utvikla seg vidare til å bli ein kampanje der utslepp er hovudsaka.

- Vi ser at det nyttar. Tala går rette veg og vi er med på å spare miljøet rundt oss. I tillegg til at redusert driftstid på ein motor er kostnadsreduserande for oss, set også oppdragsgivarane våre umåteleg stor pris på dette arbeidet. Det gjer oss til ein meir attraktiv leverandør av tenester.

- Det handlar om å bruke hovudet når ein nyttar musklar. Den som dreg i motorspakane har også handa på kostnadane, og små endringar i vanane våre kan gi store bidrag i sparing av drivstoff og vidare også miljøet, kommenterer Håvard Ulstein.