Temperaturen vil ikkje krype oppover gradestokken den komande veka. Det syter nordavinden for.

Vi ser ut til å gå mot ei solrik helg, men temperaturane vil halde seg mellom 10 og 14 grader. Det er også venta ein del vind. Det er ikkje meldt om nedbør den komande veka, men det vert tilskyande frå onsdag av.