I eit brev til Herøy kommune skriv Thoresen at utbyggjaren ikkje var kjend med episoden før det hadde gått ei tid. Avisa Vestlandsnytt skriv at utsleppet blir forklart med ein feil på ei pumpe. Pumpa er skifta ut, og i tillegg skal det etablerast eigne varslingsskap med lysalarm på kvar pumpekum. Der skal også vere ei pumpe i beredskap ved eventuelle problem vidare.
Nyhende →
Beklagar kloakkutslepp
Glenn Thoresen i Haven prosjektering beklagar og tek på seg ansvaret for at det i sommar vart sleppt ut kloakk i sjøen frå ein hyggeeigedom på Budaneset, Herøy.