Det var onkelen Arild Riise som oppdaga konkurransen og sende inn eit mobilopptak av Eirik frå eit konfirmasjonsselskap i fjor. VG-lesarane likte opptaket så godt at dei stemte hareidsdølingen heilt til topps i tevlinga, som var i høve 30-årsdagen etter legenden Elvis Presley sin død. Som premie får Eirik ein DVD-pakke med åtte Elvis-filmar. - Det kom som eit sjokk at eg vann, seier 13-åringen. Dei som går fast på Hødd-kampar hugsar kanskje den strålande Elvis-framføringa Eirik hadde der for eit par år sidan. Han har også vore Elvis på Amcartreff, i to Ungdommens Kulturmønstringar, på 17.-maifestar o.s.v. Vanlegvis har han med seg jamaldringen Aksel Røyset som backing-gitarist. Det var i eit selskap med eit familiemedlem at Eirik vart kopla inn på Elvis for første gong - som 11-åring. - Vi song karaoke, og eg valde "Love me tender" av Elvis Presley. Dermed var det gjort. 11-åringen avslørte eit udiskutabelt talent. I Eirik sitt Elvis-show inngår det no fire melodiar. Ein annan Elvis-melodi han har stor sans for er "All shocked up". Elvisdrakta er det mora Sissel og bestemora Bjørg som har stått for. Men sjølve den kroppslege framtoninga har Eirik studert inn sjølv. - Ja, eg har studert Elvis på filmopptak. Han har ein veldig spesiell måte å føre beina på. Det var nesten uhøfleg i den tida, smiler han - Kva med ansiktsuttrykket? - De' e' no lippå, då, seier Eirik kjapt og demonstrerer ein liten lippekrull inst i den høgre munnvika. - Han dreg lippå veldig høgt opp når han smiler, fortel han. - Det var artig å vinne. Eg fekk etter kvart vite at onkelen min hadde sendt inn, men at eg skulle vinne kom som eit sjokk, fortel Eirik, som ikkje har spesielle planar for Elvis-framtida si. Men han har registrert at skjorteermane er i ferd med å bli litt korte, så det spørs om mora og bestemora ikkje må til pers med sysakene igjen. Elles skal Eirik no begynne på det andre året som gitar-elev i musikk- og kulturskulen med Torgeir Hauge som lærar. Og då blir det vel til at han med tida greier seg utan playback. - Spelte Elvis gitar, forresten? - Ja, det hende at han gjorde det også, fortel Eirik.

- Det kom som eit sjokk at eg vann, fortel Eirik "Elvis" Riise.
Eirik Riise som Elvis-imitator under Ungdommens Kulturmønstring i Hareid i vinter.