Det var slett ikkje berre lopper Sunnmøre Folkehøgskule selde unna laurdag. Kaffiservice i porselen til 12 personar for 80 kroner - og massivt matbord med slagbenk og fem stolar til 600 kroner må seiast å vere storevarp for kjøparane.
Tenk alt eg kan gøyme bort i slagbenken, ler Nini Persson (t.v.). For 600 kroner sikra ho seg spisebord, slagbenk og fem kjøkenstolar. Saman med naboane Ingrid og John Stennes i Hjørungavåg og svigerinna Mildrid Hjørungnes tok ho seg tid til ei kaffistund i gymsalen på folkehøgskulen før møblane vart borne ut.