Rådmannen rår til at søknaden frå Ullaholm Båtklubb delvis blir imøtekomen. Båtklubben har søkt om å få skjenke øl og vin i eit festivaltelt på Rådhusplassen fredag 16. august frå klokka fem om ettermiddag til klokka to på natta. Dagen etterpå vil dei ha skjenketid frå klokka eitt på dagen til to på natta. Rådmannen rår til at skjenketida blir sett frå klokka fem til to i staden, båe dagane. Når det gjeld skjenkeområdet utanfor teltet rår rådmannen til at skjenkinga sluttar kl 24.00. Løyvet gjeld for øl og vin. Tom Henrik Muggerud blir godkjend som skjenkestyrar og Arnleif Kleven som stadfortredar. Skjenkeløyvet skal gjevast med atterhald om at teknisk etat godkjenner plasseringa. Skjenkestyrar og stadfortredar må leggje fram rettmessig og godkjend kunnskapsprøve om Alkohollova. Og arrangørane må ha godkjende vakter.

Sosialteneste imot

Sosialtenesta i kommunen har òg kome med uttale til formannskapsmøtet i denne saka. Dei rår til at søknaden om skjenkeløyve blir avslått. Hovudproblemet er å tilby alkohol på nye stader og i nye samanhengar, noko som etter all erfaring vil auke forbruket. Dei syner vidare til at Ulstein er pilotkommune i rusførebyggjande arbeid. Dei meiner det er viktig å skape naturlege alkoholfrie soner der born og ungdom ferdast. Eit øl- og vintelt på Rådhusplassen vil derimot vere uheldig. Endeleg vedtak i denne saka er det formannskapet som tek tysdag 14. august.