Ørjan er volding, men spelar fotball i Ulsteinvik. Han har tidlegare utmerkt seg innan fleire greiner, mellom anna handball og alpint. Han vert omtala som det næraste ein kan kome eit multitalent, sjølv om han i dag satsar fullt og heilt på fotball. Den dyktige guten er den fyrste frå Volda som er tatt ut til landslaget i fotball (G17). Ørjan deler prisen med Kristine Engeset Eikrem (18, Ørsta), Siri Hovde (21, Ørsta) og Karen Eikem (23, Ørsta). Det kom inn heile 18 forslag til kandidatar, og juryen gler seg over eit veksande kulturliv i Volda og Ørsta. Prisen kan delast ut til ungdom mellom 15-25 år, og stipendet skal stimulere til at unge, talentfulle personar skal få høve til å vidareutvikle talentet sitt. Det er også eit mål at personane som får stipendet skal vere med på å utvikle idretts- og kulturlivet innan sitt område og vere gode representantar utanfor regionen.