Då saka vart presentert for kommunestyret våren 2005 var prisen på ny ungdomsskule estimert til 75 millionar. Då forprosjektet var ferdig året etterpå vart prisen justert opp til 125 millionar. Men no som anboda er komne inn, ser det ut til at prisen vil bli 150 millionar kroner. På formannskapsmøtet tok den eine politikaren og etatssjefen etter den andre ordet for å forsvare arbeidet kommunen har lagt ned. I tillegg til at materiale og arbeidskrafta er dyrare i dag, på grunn av den høge byggjeaktiviteten, synte ordførar Hannelore Måseide (A) til at kroneverdien har endra seg. Dessutan er den nye prisen inklusive inventar til skulen. Politikarane synte vidare til at kommunen vil få tilbakebetalt ein momskompensasjon på 28 millionar kroner. - Gjennom oppslaget i Vikebladet Vestposten kan ein få inntrykk av at me ikkje har hatt hovudet med oss. Men me har visst kva me har gjort frå dag ein, varsla varaordførar Olav Sæter (KrF). På møtet kom det fram at det har vore vanskeleg for kommunen å få inn tilbod frå entreprenørar og leverandørar. Dei har kontakta fleire nasjonale firma. Teknisk sjef Elling Indresøvde minna om at kommunen no får er ein skreddarsydd ungdomsskule. Det kostar med designprodukt, men då får elevane i Ulstein det beste produktet, meinte han. Fleire nemnde at skulen truleg hadde blitt noko billegare om dei kom fortare i gang med bygginga. Men ein viktig grunn til at dette hadde trege ut i tid, var den demokratiske prosessen som var ført til ulike råd og utval hadde fått høve til å uttale seg. Rådmann Hans Jakob Sandanger uttalte av auken i prisen vil få konsekvensar for andre tiltak i kommunen, men ville likevel tilrå utbygginga. Dei ekstra kostnadene skal innarbeidast i budsjettet for 2008. Ulstein kommunestyre tek endeleg avgjerd i saka torsdag 29. mars.