Politiet fekk inn melding om ulukka kvart over fire. Ulukka skjedde då den eine bilen skulle svinge av frå riksveg 61 og av til vegen mot Garsholhaugen. Bilane bak bremse ikkje opp nok, så det oppstod ein liten kjedekollisjon med tre bilar. Ulukka skjedde midt i rush-trafikken, så det danna seg fort lange bilkøar i båe retningane. Ein person vart brakt til sjukehuset i Ålesund i helikopter. Fire vart frakta i ambulanse til legevakta for helsesjekk der. Ingen av dei involverte skal vere alvorleg skadd.

Ein skadd vart frakta vekk i helikopter
Eine bilen som var involvert i ulukka.