Andersen driv møbelforretningar både på Hareid, Nordfjordeid og i Florø. Eigarselskapet har planar om å setje opp eit lagerbygg i Hareidsmyrane industriområde som skal hyse alle møblane som skal ut i dei tre butikkane. Etter ein del diskusjon med Hareid kommune om høveleg tomt i det kommunale industrifeltet, er Møbelmagasinet no eigarar av tomta som Graving- og transport tidlegare eigde. Andersen opplyser at målet er byggjestart i månadsskiftet september/oktober, og innflytting over nyttår. Då Vikebladet Vestposten snakka med Andersen måndag føremiddag, hadde han enno ikkje oversikt over kor omfattande røykskadane i Florø-butikken og lageret var. Takstfolka skulle seinare på dagen vurdere tilhøva. Brannen i papplageret til Europris oppstod i 21-tida fredag kveld. Tilsette ved Europris prøvde sjølve å sløkkje elden med diverse sløkkjeapparat, men måtte gje opp og tilkalle brannvesenet, som raskt fekk kontroll over flammane. Det vart ikkje skader på sjølve bygninga. Lagerbygget som skal setjast opp på Hareid er no under teikning- og prosjektering. Men konkret storleik er ikkje avgjort enno. Andersen opplyser at han er i samtale med eksterne leigetakarar, og at storleiken på bygget er avhengig av om dei takkar ja eller ikkje. Tomta ligg like inn til riksvegen.