Ålen var heile 163 centimeter lang, og vog om lag 22 kilo. Lewandowski måtte ha hjelp av fire kollegaer for å få den sleipe fisken på land, for den gav skikkeleg motstand.

Fiskar ofte

Polakken seier han fiskar nesten kvar dag, for det er ikkje tid til så mange andre fritidsaktivitetar. Vi jobbar lange dagar, og når eg er fri slappar eg av med fisking frå kaia ved verftet, forklarar han. Lewandowski er leigearbeidar ved verftet, og arbeider seks veker for så å ha to veker fri. I friperiodane reiser han heim til Polen. Dette er den største fisken eg har fått i løpet av mine fem arbeidsperiodar her. Til vanleg går det mest i sei, makrell og torsk, forklarar den heldige fiskaren. Han fekk erfare at det er ikkje berre enkelt å få brukt opp ein så stor ål, så han delte fangsten med alle kollegaene sine i brakka. Vi har ikkje frysarar som er store nok til å lagre noko slikt, smiler han, og stadfestar at ålen smakte godt. Ål er kjend for å kunne bli gamle, og Lewandowski tippar denne har levd nokre år.