Krutrøyken hadde ikkje før lagt seg etter siste sprenging i Eiksundtunnelen, så kom den første bussen gjennom tunnelen. Det var sist laurdag. Om bord sat ei rekek gjestar frå Grønland. Ei gruppe politikarar og administrativt tilsette ved kommunebestyrelsen i Nuuk (Godthåp) på Grønland er for tida på reise langs den norske kysten. Dei er medlemmer i Udvalget for Teknikk og Miljø (UTM) og skal studere fjellhallar, vegar, tunnelar, sikring og vedlikehald. Dei har med seg ein gaid, ein tolk og ein journalist frå den lokale fjernsynsstasjonen NuukTV. I Ørsta skulle dei besøke Aasen-tunet og oppleve Eiksundsambandet. Infrastrukturen mellom byane på Grønland er dårlegare enn i Noreg. Arkiteket Peter Barfoed, som er med på turen, har teikna fleire forslag til nytt vegnett. Det eine forslaget har ein undersjøisk tunnel som går ned til 310 meter under havflata. Elles er vatn og frost eit stort problem på Grønland - og det er interessant for grønlendingane å sjå korleis dette vert løyst i Norge. Ved det djupaste punktet i Eiksundsambandet måtte det sjølvsagt leggjast inn ein stopp - og alle måtte ut for å kjenne på stemninga. For det var ei stor hending som skjedde denne laurdagen. Første busstur gjennom tunnelane og dei første frå Grønland. Impulsivt byrja gjestane å gratulere kvarandre, og det var ivrig fotografering av imponerte gjestar, melder Møre-Nytt.