Skjenkeløyvet gjeld for fredag og laurdag i eit festivaltelt arrangørane skal setje opp, og eit mindre uteområde. Løyvet gjeld for øl og vin. Skjenketidene er like som skjenketidene i dei andre skjenkestovene til Ulsteinvik. Tilrådinga frå rådmannen om å gje trebåtfestivalen skjenkeløyve vart vedteke med fem mot to røyster av Ulstein formannskap i dag.