Går alt etter planen skal dei før jul flytte inn eit nytt industribygg i Saunesmarka. Det nye bygget får plass ovanfor Arbiro. - Me skal flytte inn i bygget med den finaste utsikta over Ulsteinvik, smiler dagleg leiar Kjell-Atle Gjøringbø nøgd. PMC Servi Technics AS går så godt at det byrja bli trongt i lokala på Skeide. Der var ikkje mogleg å utvide, så då kom dei til at det beste var å flytte inn i eit nytt bygg. I det nye bygget vil dei få tre gonger så god plass som i dag. Det nye industribygget blir på 1800 kvadratmeter. Der vil alle dei tilsette få eige kontor og dei får plass til ei flott kantine. Firmaet har i dag 29 fast tilsette, men ser ikkje vekk ifrå at dei vil trenge fleire etter kvart. Det er det teke høgde for i det nye bygget. Ordrereserven til PMC Servi Technics AS er stabil og god. Han er i dag på 25 millionar. Budsjettet deira er på 64 millionar. Salssjef Joar Sundgot kan opplyse om at dei ligg føre budsjett, så dette er eit firma som ser lyst på framtida. Og no gler dei seg til å flytte inn i dei nye lokale. Det er Havsikt som eig det nye bygget. PMC Servi Technics AS skal leige hjå dei. GS Hydro AS, som er leverandør til PMC Servi Technics AS, skal òg inn i bygget. Det er Prosjektbygg som er byggherre. PMC Servi Technics AS er totalleverandørar av hydraulikk, pneumatikk, glidelager, elektromekanikk og vindusviskarar til skip/offshore-industrien.

Joar Sundgot og Kjell-Atle Gjøringbø i PMC Servi Technics AS ser fram til å flytte inn i det nye industribygget i Saunesmarka før jul.
Joar Sundgot og Kjell-Atle Gjøringbø i PMC Servi Technics AS ser fram til å flytte inn i det nye industribygget i Saunesmarka før jul.