Søknaden skal handsamast av børsstyret 28. mars, og fram til den tid jaktar reiar Åge Remøy på investorar som kan bidra til å auke talet på aksjonærar frå 60 i dag til minst 100, som er kravet for listing, skriv Vestlandsnytt. Rem offshore ASA omfattar fire dotterselskap, tre er reine reiarlag og eit managementselskap. Per i dag har selskapa 16 offshorefartøy under bygging. Om ei vekes tid legg Åge Remøy ut på friarferd til deler av Vestlandet for å hente inn nye investorar, ein prosess han reknar med å gjere unna i løpet av nokre få dagar.