Men Ottar Håkonsholm skundar seg å leggje til at dersom kulturutvalet ønskjer å kome til Brandal, skal styret stille med både lokale, folk som kan syne fram skuta, og god traktering. Håkonsholm opplyser at styret og administrasjonen for Ishavsmuseet Aarvak føler at dei heile tida har hatt ein open dialog med fylkeskultursjef Arvid Blindheim styreleiar Frøydis Austigard. Vi har faktisk fått alle dei pengane vi har søkt om. Også etter at det viste seg at vernebygget vart vesentleg dyrare enn vi hadde rekna med. I fjor haust fekk vi 400.000 kroner ekstra, opplyser han. I løpet av denne veka kjem vernebygget rundt Aarvak truleg til å bli lyst ut, og Håkonsholm håpar inderleg det vil kome tilbydarar som kan ta oppdraget, som no er kostnadsrekna til ca. 10 millionar kroner. Austigard var forundra over at det ikkje har vore presenning over Aarvak i vinter? Det er to grunnar til dette. For det første hadde presenningen fått ein skade, og for det andre var planen å starte bygginga i september/oktober i fjor. Det var heilt på nippet. No vurderer vi det på nytt. For ein del år tilbake vart det laga ein tilstandsrapport om ishavsskuta Aarvak. No har styret tinga ein oppgradert tilstandsrapport, for å få innblikk i kor omfattande skadane er. Først då kan vi klare å lage eit kostnadsoverslag kva reparasjonen av Aarvak vil koste, opplyser Håkonsholm.
Nyhende →
Ikkje vårt utspel
Det var Oskar Grimstad som kom med utspelet om å invitere kulturutvalet til Brandal, kommenterer Ottar Håkonsholm, leiar i styret for Ishavsmuseet Aarvak.