Parkeringsplassen har ikkje oppmarkerte plassar som syner kvar bilane kan stå. Her er det fullt anarki og opp til bilførarane kvar dei vil parkere bilen sin. Dei fleste parkerer likevel bilane sine i fine rader. Men somme tider gløymer dei parkerande å sjå til at bilane dei parkerer ved sidan at òg skal ha høve til å kome seg ut frå plassane sine. Fredag ettermiddag stod radene tett i tett. Sjølv om der såg trongt ut, var det ingen bilar som vart taua vekk.