Kommunen har ikkje ein eigen bil til dette i dag.

Kommunalsjef teknisk, Arne Runar Vik, skriv i sakspapira til teknisk utval at etter kvart som kommunen byggjer fleire og fleire avløpsanlegg, aukar behovet for god beredskap for drift og vedlikehald. Kommunen har 16 kloakkpumpestasjonar, og det blir stadig bygt fleire.

– Spillvatn (kloakk) let seg ikkje foreine med mange andre fag, og slett ikkje vassforsyning, argumenterer han og rår teknisk utval til å godkjenne at det blir investert 320 000 kroner til ein eigen bil for drift og vedlikehald av avløpsanlegg.

Utvalet er samla til møte onsdag 25. januar.