Levekårsutvalet går inn for å overføre eigedomen Bigset gamle skule til Interesseforeninga. Foto: Leiv Arne Grimstad

Saka skal til endeleg handsaming i Hareid kommunestyre 26. januar.

Hareid formannskap vedtok i 2009 å selje eigedomen Gamle Bigset skule med påståande hus. Dette vedtaket blir no gjort om inkje.

Det har i lang tid vore førd ein diskusjon om bruken av gamle Bigset skule. Han har dei siste åra blitt nytta av lag og einskildpersonar mot betaling av leige. For brukarane av skulen har det vore eit positivt tilbod, for kommunen som eigar og forvaltar har eigedomen blitt ein utgiftspost.

I 2008 vart det sett ned ei interimgruppe som skulle vurdere og tilrå framtidig bruk av skulen. Konklusjonen frå gruppa vart at Bigset skule burde bevarast med tanke på framtidig bruk som bygdemuseum, i samdrift med ulike kulturelle aktivitetar.

Etter vidare drøftingar om korleis dette skulle gjennomførast, vart det klart at det ikkje fanst tiltakshavarar til slik verksemd.

Er regulert til bustadføremål

Levekårsutvalet tilrådde derfor å leggje eigedomen ut for sal, og formannskapet gjekk inn for å regulere om området, og deretter leggje eigedomen med påståande hus, ut for sal.

Eigedomen er no regulert til bustadføremål. Men før kommunen kunne setje i gong prosessen med sal, måtte eigedomsretten til grunnen avklarast.

I grunnboka er Bigset Krins oppført med heimel til grunn.

Hareid kommune gjorde i desember 2010 i brevs form til Statens kartverk krav på heimelen. Statens kartverk meinte vilkåra for kunngjering var til stades, og oppmoda moglege eigarar gjennom kunngjeringar å melde seg.

Bigset krins Interesse- foreining kom på banene

Det gjorde at Bigset Krins Interesseforening ved Jan Arild Bjåstad melde seg som rettmessige eigarar. Og når nokon protesterer på heimelsoverøringa innan meldefristen går ut, og ein ikkje kan sette protesten til sides som openberr grunnlaus, er ikkje saka kurant. Heimelen vil dermed framleis stå på Bigset krins.

Konstruktiv dialog

Ordførar Anders Riise har hatt fleire møte med interesseforeininga, og partane har hatt ein konstruktiv dialog. Avtalen er at Hareid kommune skal overføre Bigset gamle skule vederlagsfritt til Interesseforeninga.

I skøytet som skal tinglysast skal det kome fram at kommunen har rett til vederlagsfritt å leggje og ha offentlege leidningar/rør over arealet. Bygningane og inventar skal haldast assurert mot brann og innbrot.

Dersom bygningane blir øydelagde av brann eller anna katastrofe, og ikkje blir gjenreist, skal tomtegrunnen gå tilbake til Hareid kommune.

Bigset krins Interesseforening kan heller ikkje selje bygningane. Dersom laget/stiftinga blir avvikla, skal eigedomen og bygningar overførast til Hareid kommune vederlagsfritt.