Egil Ulfstein, Sigurd Bø, Terje Nerland, Leif Per Breivik, Hans Håvåg, banksjef Bergsvein Øvrelid, Ove Eltvik, Anne-Marie Emdal, Gisle Jonberg og Jan Paulen er dei tilsette i Nordea si bedriftsmarknadsavdeling for Nordfjord og Søre Sunnmøre

Nordea Bank samlar ressursane innanfor bedriftsmarknaden i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Nordea er opptatt av å gi næringslivet dei beste løysingane og den beste rådgivinga seier banksjef Bergsvein Øvrelid. Nordea har derfor valt å samle ressursane innanfor bedriftsrådgivning i Nordfjord og på Søre Sunnmøre under felles leiing, medan rådgivarane framleis vil vere lokalisert lokalt, nær kundane. - For å klare å tiltrekke oss dei beste medarbeidarane har det blitt eit eintydig krav at vi må tilby større fagmiljø. Dette har etter kvart også blitt naudsynt for å utvikle og behalde dei dyktigaste rådgivarane og skape den naudsynte fleksibiliteten for å sikre god oppfølging av kundane, seier Øvrelid. Den nye avdelinga vil dekke kommunane Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid, Gloppen, Vanylven, Hornindal, Stryn, Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Nye kommunikasjonsløysingar bind Nordfjord og Søre Sunnmøre sterkare samen og gjer kvar enkelt rådgivar meir fleksibel i forhold til å betjene kundane i heile regionen. - Vi opplever no stor usikkerheit i det globale finansmarknaden. Kredittmarginane som bankane må betale har auka betydeleg samtidig som dei skal tilpasse seg eit nytt internasjonalt regelverk. I den siste tida har det kome signal om at enkelte bankar ikkje lenger låner ut pengar til nye prosjekt. Nordea har imidlertid vore, og vil framleis vere, ein langsiktig samarbeidspartnar for eksisterande og nye kundar i regionen understrekar banksjef Bergsvein Øvrelid.