Fleirtalet i formannskapet (4-3) viste til den stramme økonomiske stoda i kommunen.

Vedtaket var elles i tråd med den samrøystes tilrådinga frå Levekårsutvalet, der det blir vist til den stramme økonomiske stoda og at tidspunktet dermed ikkje var det rette for oppstart av arbeidet med å realisere nytt kulturhus i Hareid.

- Treng ikkje kulturhus på Hareid i ein felleskommune

Levekårsutvalet sitt vedtak vart fremja av Marianne Overå (AP).

Ho hadde også foreslått eit punkt 2 der kulturhusutbygging i Hareid vart sett i samanheng med ei eventuell kommunesamanslåing:

Dersom Hareid og Ulstein vert slått saman til ein kommune, meinte Overå at ein ikkje hade behov for to separate kulturhus, d.v.s. at Hareid då ikkje treng om å bygge.

Men dette framlegget fall mot 2 røyster i levekårsutvalet og vart dermed ikkje fremja i formann-skapet.

I formannskapet var det ordførar Hans Gisle Holstad (AP) som fremja rådmannen si tilråding om å setje av 300.000,- til kulturhusprosjekteringa.

No går saka til kommunestyret torsdag 4. november med ei knapp fleirtalstilråding om å setje på bremsene for kulturhusplanane.