I førre veke vart Aker Kværner og Aker Yards nedselt, og Kjell Inge Røkke sit att med 5,5 milliardar kroner i kontantar til ny industriell satsing. DN har frå fleire hald fått stadfesta at Røkke og Aker vurderer å kjøpe opp ei rekke minde og store skipsutstyrsprodusentar langs norskekysten. Aksjonærar i fleire slike selskap skal dei siste månadene ha blitt kontakta av finansielle rådgjevarar i Røkke-systemet med spørsmål om dei ønskjer å selje aksjar. Og frå mange hald surrar det no sterke rykte om at Røkke skal ha vurdert å legge inn bod på Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik. Rolls-Royce Marine er ein følgje av Ulstein Holding, som i 1998 vart selt til britiske Vickers for 3,8 milliardar kroner, og deretter til den børsnoterte kjempa Rolls-Royce. Ifølgje DN er det corporatemannen Geir Kaasen i meklarhuset SEB Enskilda som leiar arbeidet med å setje bitane saman i det som Røkke vil gjere til verdas største selskap innan skipsutstyr. Truleg står det mykje arbeid att før det eventuelt kan bli ein realitet. Det er uklart kor mykje Røkke må rekne med å betale for Rolls-Royce, men billig blir det ikkje. Ordrereserven akkurat no er på ca. 12 milliardar kroner, og sal av skipsteikningar og utstyrspakkar går svært godt. Mykje tyder på at Rolls-Royce i fjor hadde over ein milliard i overskot. At Røkke eventuelt må punge ut med mykje meir enn 3,8 milliardar kroner er det liten tvil om.

"Uro i den norske Rolls-Royce-leiinga"

Men sjølv om Rolls-Royce Marine har rekordstor ordreinngang, er det store endringar på gang i marknaden. Aker Yards som har vore ein av dei store kundane til Rolls-Royce Marine, har i aukande grad begynt å utvikle eigne skipsdesign i staden for å kjøpe teikningane av Rolls-Royce. DN meiner dette har skapt uro hos den norske leiinga i Rolls-Royce Marine. Sentrale aktørar tippar det vil skje endringar på eigarsida i Rolls-Royce Marine det neste året, og etter det DN forstår, er det sentrale leiarar i Rolls-Royce Marine som ønskjer å få Aker inn på eigarsida. Aker er frå før inne på eigarsida i nabokommunen Hareid, der dei eig 30 prosent i børsnoterte Odim, som blant anna leverer kabelhandteringsutstyr.