Med “litt ekstra” meiner han at ein stortingsrepresentant kjem for å opne leikane - og at det også kjem folk frå Møre og Romsdal idrettskrets.

Monsiadane er i pakt med vanylvsordførar Jan Helgøy sitt motto: “Kvifor vere stor når du kan vere lykkeleg som liten”.

- Mottoet for sjølve Monsiaden er forresten “Likeverd for likestilling”, fortel Sandnes.

Monsiaden byr på sprang, hopp, ballkast, bocchiaturnering (som er svært populært. I fjor vann Ørsta sitt lag) - og der er aktivitetsløype med 10-12 postar der ein blir utfordra i spikring og “ting frå mark og fjøre”.