Down Town Teachers, slik mange minnest dei. Fredag blir det gjensynskonsert på Skibet i Ulsteinvik.

Det var Peter Demirov som tok initiativ til bandet, som har “standard-jazz med kjende tema-melodiar og heftige improvisasjonar” som kjennemerke.

– Då eg lufta tanken om ein slik 10-årskonsert med dei som var med i bandet den gongen, vart eg møtt med kjempeentusiasme, fortel Peter, som fekk i oppgåve å finne ein passande dato då alle dei som hadde reist til andre kantar av landet kunne kome “heim”.

- Så vi landa altså på fredag 29. oktober.

Zari Demirov, som har vore gjestesolist på mange av konsertane til DTT, er med også på denne konserten.

- Vi gler oss stort til fredag, og håper å kunne samle gammalfansen igjen pluss mange til, seier Demirov.

Down Town Teachers, slik mange vil huske dei, gjenoppstår altså med denne besetninga:

Webjørn Sæther på sax, Carlos Alberici på tromme, Dan Aasebø på gitar, Jan Thormodsæther på bass, Nadia Demirov på fele og song, Peter Demirov på piano og hammond - og med Zari Demirov som gjestevokalist.