Liten foss i brandal

- Det er nemleg ei heilt anna tenking rundt dette enn tidlegare, fortel Ryslett.

- Før måtte slike verk vere stabile. No kan dei levere når dei har noko å levere. - Poenget er å ha større aggregat til å ta imot vatnet når det først kjem i store mengder. Då er det berre å køyre for fullt og selje krafta inn i spotmarknaden.

- Slik driv vi her inne. Vi har berre ei pøyte til inntak. Slik Ryslett kjenner vêrforholda på Hareidlandet og andre kystnære område, veit han at det kan kome periodar med mykje flaumvatn frå snøsmelting og nedbør.

- I desse periodane er det viktig å ha eit anlegg som kan køyre for fullt når det “smeller”, seier han.

- Å tenke at desse verka kan kome til å stå stille i store periodar av året er ein feil måte å tenke på, meiner Ryslett.

- Også våre verk har stått mykje stille. Likevel gir dei gode utbytte til eigarane. I år fekk dei 30 eigarane 6,5 millionar kroner. I fjor fekk dei 7,5 mill. Slike småkraftverk er ein kjempe-ressurs, meiner han. Årsproduksjonen i dei fem småkraftverka Kviven, Heidelva, Vågen, Skjåstad og Sundal ligg på 55 GWh.

På nettsida si hevdar kraftverkseininga at dei ved denne produksjonen sparer samfunnet for utsleppet av 40.000 tonn Co2 i året. I dei vurderingane som har vore gjort for eit eventuelt nytt småkraftverk i Indredalen i Brandal er årsproduksjonen sett til 1,5 GWh.