Foredragshaldarane er norsk-tamilske ungdomar som studerer på universitet og vidaregåande skular i Norge. Både tamilane si historie og situasjon - og det internasjonale samfunnet si rolle - blir teke opp. Situasjonen i dei nordlege områda på Sri Lanka er som kjent svært alvorlege, og der pågår i desse dagar ein humanitær katastrofe der hundretals menneske døyr kvar dag. Tamilane peiker på at det no berre er det internasjonale samfunnet som har dei maktmidla som trengs for å få sett ein umiddelbar slutt på konflikten. Programleiar under seminaret blir Jeswanth Pushparajah. I tillegg til videofilmar frå konsentrasjonsleirane på Sri Lanka, blir fire tema tekne opp: “Tamilane si historie” - av Arunthan Perinpasivam, 18 år. “Dagens situasjon på Sri Lanka” - av Krishan Thangavadivel, 17 år. “Tamilane sitt nasjonalflagg” - av Jeswanth Pushparajah, 22 år. “Geopolitiske interesser” - av Godfrey Manoharan, 22 år. Etter avslutning og diskusjon vil Gunn Berit Gjerde frå Venstre halde ein sluttappell. - TAMILANE ER SAMLA Leiar for Norsk Tamilsk Media Senter, Steven Pushparajah, viser til den nyleg avhaldne tamilske folkeavstemninga i Norge der 99 prosent av norsk-tamilane seier at dei vil ha ein eigen sjølvstendig stat. Slike avstemningar blir no haldne mellom tamilar i demokratiske land over heile verda. - Men vi kan ikkje gjere dette på Sri Lanka fordi der ikkje er demokrati, seier Pushparajah og legg til at avstemningsresultata viser at tamilane er eit samla folk i ønsket om ein eigen stat. Pushparajah er også klar på at det internasjonale samfunnet må gripe inn for å løyse konflikten. Saman med innkallinga til seminaret komande tysdag har arrangøren lagt ved det kjende antikrigsdiktet “Aust-Vågøy” av Inger Hagerup: De brente våre gårder. De drepte våre menn. La våre hjerter hamre det om og om igjen. La våre hjerter hugge med harde, vonde slag: De brente våre gårder. De gjorde det i dag. De brente våre gårder. De drepte våre menn. Bak hver som gikk i døden, står tusener igjen. Står tusen andre samlet i steil og naken tross. Å, døde kamerater, de kuer aldri oss.
Nyhende →
Lokalt seminar om situasjonen på Sri Lanka
Komande tysdag 19. mai - på Ulsteinvik barneskule - arrangerer Norsk Tamilsk Media Senter eit seminar om konflikten på Sri Lanka. Seminaret er ope for alle - og nordmenn er spesielt inviterte til å kome.