Ifølgje ordførar Hans Gisle Holstad er edelgrana kappa av ein gong mellom klokka 12.00 julaftan og fram til 2. juledag. Han meiner det er nærliggjande å tru at nokon har saga grana av for å bruke toppen til juletre. – Eg kan ikkje tenkje meg anna enn at det må svi litt for dei som ser på juletreet og veit det er stole. I tillegg er det trist at folk finn på å øydeleggje ei så fin rekke med tre, kommenterer Holstad, som legg til at han ikkje forstår seg på folk som gjer slikt. Trea var planta for 6-8 år sidan og har vakse seg såpass store at dei gir livd for vinden.