I ti-tida i føremiddag køyrde ein lastebil og ein personbil inn i kvarandre. Lastebilen hamna i grøfta, medan personbilen fekk større skader. Ein 22 år gamal mann frå Ulstein fekk lettare skadar og vart frakta til sjukehuset. Etter ulukka var riksvegen stengd av i fleire timar, Men no er lastebilen fjerna og vegen opna att.