Fredag fekk vi denne pressemeldinga frå Snorrebuda AS: "Vi har den siste tida jobba hardt for å slette gjeld i selskapet, og vi hadde no ei løysing som vi håpa ville redde den vidare drifta, samt betale alle kreditorar - men vi fekk ikkje med oss banken på våre vilkår. Vi beklagar sterkt dei konsekvensane dette får for både kreditorar og gjestar, men såg inga anna løysing enn å begjære oppbod. Ekstra trist er dette no når vi dei siste tre månadane opplever at Snorrebuda verkeleg har begynt å slå rot i folk på Søre Sunnmøre. Det er mellom anna etterslepet etter ei svært dårleg inntening i dei fine sommarmånadane i år, som gjer at det har vore krevjande å halde den kortsiktige gjelda på eit akseptabelt niva. Både huseigar og aksjonærar har ettergitt store gjeldposter som selskapet hadde til dei, og vi håpte at dette skulle vere nok til at banken ville vere med vidare. I tillegg ville aksjonærane skyte inn eit substantsielt beløp i frisk kapital, men banken gjekk ikkje god for vår løysing, og krevde enda større sikkerheit for sitt engasjement i Snorrebuda AS. Styret såg då ingen annan utveg enn å begjære oppbod." Pressemeldinga er signert: Fredrik Steen - styreleiar, Snorrebuda AS
Nyhende →
Snorrebuda AS er konkurs
Styret i Snorrebuda AS går i dag til Søre Sunnmøre tingrett for å begjære selskapet konkurs.