- Noregs avhengigheit av oljen vil på sikt gje eit verdiskapingsgap mellom Noreg og våre nordiske naboland. Dette gapet kan berre tettast ved hjelp av ein styrka evne til innovasjon og nyskaping i næringslivet. Dersom bedriftsleiarane gjer alvor av sine planar om å investere i innovasjon er det godt nytt for verdiskapinga både i Noreg og i Møre og Romsdal, sier DnB NORs regionbanksjef, Hilde Marie Brungot i ei pressemelding. Frå ord til handling DnB NORs undersøking kan imidlertid tyde på at vegen er lang å gå fra ord til handling. Berre 28 prosent av bedriftsleiarane som er spurde seier at bedrifta dei leiar introduserte eit nytt eller vesentleg endra produkt eller teneste i fjor, mens kun 20 prosent oppgjev at bedrifta tok i bruk ein ny eller vesentlig endra produksjonsprosess. Ei mulig forklaring på den lave innovasjonsgrada kan være at svært mange bedrifter i Møre og Romsdal meiner rammevilkåra for å drive nyskaping ikkje er gode nok. Nesten halvparten av bedriftsleiarane som er spurde synes ikkje rammevilkåra for å drive innovasjon er gode, mens over halvparten er misnøgde med støtteordningane retta mot si eiga bedrift. DnB NORs Innovasjonspris - DnB NOR er oppteken av å stimulere næringslivet i Møre og Romsdal til å tenke nytt, og inviterar derfor til deltaking i DnB NORs Innovasjonspris der beste idé for kunnskapsbasert næringsutvikling kårast. Vinneren av DnB NORs Innovasjonspris for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland får ein fyrstepremie på 100 000 kroner, og dei beste forslaga går vidare til ei nasjonal finale, der 250 000 kroner og tilbod om ein idétest i DnB NORs innovasjonslaboratorium ligg i potten, forklarar Brungot. Fristen for innsending av idear er 20. april og vinnaren av den regionale konkurransa kårast 6. september i Bergen. For meir informasjon, sjå www.dnbnor.no/innovasjon.