Oppslag i Vikebladet Vestposten tysdag 16. februar i år. Foto: Anne Gry Eilertsen

Det var natt til søndag 14. februar i år at det vart gjort hærverk på bilar og traktorar som uteseksjonen i kommunen hadde ståande i Hareidsmyrane industriområde. Fem bilar fekk siderutene smadra, og det same fekk ei traktar. Nokre av bilane hadde også fått øksehogg i karosseriet. Øksa var stolen frå ein av bilane. Bilane vart påført skader for mellom 150.000 til 200.00 kroner. Ulstein og Hareid lensmannskontor har etterforska saka, og politioverbetjent Robert Hjelmeseth opplyser at to ungdomar har tilstått ugjerningane. Under 18 år Ungdomane er under 18 år, og har ikkje oppgitt noko motiv for hærverket. Men begge har fortalt at dei var rusa under åtaket på bilane. Saka er no sendt over til påtalemakta. Og som alltid når gjerningspersonane er under 18 år har også det lokale barnevernet rutinemessig fått melding om ugjerninga. Natta etter hærverket på dei kommunale bilane brann ein gammal bil opp på ytre Hareid. Det vart spekulert på om dei same personane stod bak denne brannen, men Hjelmeseth opplyser at politiet ikkje har nokon grunn til å mistenke dei to ungdomane i den saka.