Noverande hovuddrikkevasskjelde for desse abonnentane er i dag Mørkevatnet, med elveinntak på Moldskred. Teknisk etat melder om at vasskvaliteten i elva frå vatnet jamt over har vore bra, men i dei seinare åra har kvaliteten vore dårleg i periodar med mykje nedbør. Ved fleire høve har kommunen vore nøydd til å gå ut med kokepåbod. Difor føreslår rådmannen å gje husstandane i Eiksund og Haddal vatn frå Garnesvatnet, der kvaliteten blir rekna for å vere god. Saka skal opp i teknisk utval 13. januar.
Nyhende →
Haddal og Eiksund kan få vatn frå Garnesvatnet
For å gje abonnentane i Eiksund og Haddal betre drikkevatn vurderer Ulstein kommune å nytte Garnesvatnet som hovuddrikkevasskjelde.