Medan vinmonopolet i Ulsteinvik selde 179 tusen liter med drikke i 2008, selde dei 185 tusen i 2009. Det utgjer ein auke på 3,2 prosent. I Fosnavåg selde dei i 2009 74 tusen liter, til samanlikning selde dei 68 tusen liter i 2008. Det utgjer ein auke på 7,9 prosent. Medan polet i Vanylven selde 15 tusen liter i 2008, selde dei i 2009 20 tusen liter, ein auke på 29,7 prosent. I Volda auka salet på polvarer frå 105 tusen liter i 2008 til 116 liter i 2009, ein auke på 10,4 prosent. Og i Ørsta auka salet frå 131 tusen liter til 134 tusen liter, ein auke på 2,2 prosent. Mindre brennevin Cecilie Brungot, butikksjef ved Vinmonopolet i Ulsteinvik, kan opplyse om at dei sel mindre brennevin no enn tidlegare. Derimot kjøper folk stadig meir vin. I 2009 auka òg salet av øl, samanlikna med året før. Dette til trass for at det i fjor vart opna for sal av øl i daglegvarebutikkane ei Ulsteinvik. Det forklarer Brungot med at det var så seint på året at det ikkje fekk dei store utslaga på salsstatistikken til vinmonopolet. Men Brungot er spent på å sjå tala for neste år.
Nyhende →
Folk handlar meir på Vinmonopolet
Utsalet av polvarer i Ulsteinvik og Fosnavåg auka i 2009 samanlikna med 2008.