Når Adolfbuda arrangerer Maritime dagar i Gjerdsvika, legg dei vinn på å ha noko for både store og små. Mellom nausta nede ved Adolfbuda vil dei lage til ei koseleg marknadsgate med salsbuer av ulikt slag. Parkering vil difor gå føre seg oppe ved vegen. Veronika Hide lovar eit breitt spekter av ulike utstillingar. Her blir utstillingar innanfor kunst og handverk, det blir maritim historikk og ymse matprodukt. Mange av utstillarane kjem frå Gjerdsvika.

Populær loppemarknad

Tradisjonen tru blir det ein stor loppemarknad. Det har kome inn mange flotte lopper. Magne Hjelle slår fast at loppemarknaden plar vere veldig populær. Folk kjem gjerne langvegsfarande for å få med seg loppemarknaden. Sundag skal det vere auksjon. Hege Stormbringer kan fortelje om mange spanande gjenstandar som har kome inn. Mellom anna har dei fått inn ein art deco-sofa frå 1920-talet, ein flott ryggsekk frå 1940-talet, to stilige symaskinbord med symaskiner, sildetønner og ein del gamalt porselen.

Heimelaga sjømat

Mathias Gjerde lovar god heimelaga sjømat denne helga. Han har planar om å diske opp med både bacalao, strandkrabbesuppe og det blir kvalkjøt på grillen. Gjerde lagar maten frå grunnen av. Maritime dagar har blitt kjend for å servere god mat. Det gjer at folk gjerne kjem lang veg for å kome hit og smake på maten, fortel Geir Stormbringer entusiastisk. Gjerde lovar eksotiske overraskingar på menyen.

Song og glede

Gjerdsvika si eiga revygruppe stiller med nyskrive revy. Revyen er inspirert av livet i Gjerdsvika og lokale personar derifrå. Gjerdsvika revygruppe hadde revy på 17. mai. Det vart ein slik suksess at revygruppa vart inspirert til å halde fram å lage revy. Det går gjetord om at det er ein dyktig gjeng som lagar artige revyar. Pippi Langstrømpe kjem til Adolfbuda og tek med seg dei minste på sjørøvarjakt. Laurdagskvelden blir det fest på Adolfbuda med god mat, underhaldning med Åmdalskoret og André Leikanger speler opp til dans. På dagtid på laurdag stiller Sande og Herøy Seniordanselag. Sundag speler ei musikkgruppe med trekkspel og gitar. Til slutt avrundar Paul Sandanger og Kåre Pilskog dei maritime dagane med underhaldning og song.