Klart for ny pinsegudsteneste på Melshornet 2. pinsedag. Hjørungavågarar og soknerådet samarbeider. (arkivfoto) Foto: Leiv Arne Grimstad

Både yr.no og pent.no varslar heller låge temperaturar, men varierer litt i detaljane. Yr.no trur ikkje det blir sol. Dei spår litt nedbør, men ikkje veldig mykje. Og vinden blir ikkje verre enn "lett bris". Det er vel denne vêrsituasjonen som går under nemninga "skodderegn"?

Pent.no opnar derimot for at det kan bli ein del sol. Pent.no trur heller ikkje at det blir nedbør.

Begge plassane er det klokkeringing klokka 12. Møgster er prest på Melshornet, medan Hopland tek seg av Høgåsen.