Holstad Grendalag synest det er flott at det rundt om i kommunen blir sett opp buss-skur til dei reisande. Ved bussoppstillingsplassen på Holstad, ved riksvegen i retning Ulstein, er det dagleg mange som står i storm og regn og ventar på bussen – utan tak over hovudet. – På strekninga mellom Hareid og Ulstein er det for lengst sett opp uversskur fleire stader. Men ingen forstår kvifor det ikkje er sett opp slike uversskurs ved Holstadkrysset, skriv Ivar Valset, leiar i Holstad Grendalag i eit brev til Hareid kommune. Grendalaget trur busslomma på Holstad må vere blant dei lommene som blir aller mest brukt til av- og påstiging mellom Hareid og Ulstein. – Ved Holstadkrysset møtest til dømes kvar morgon kollektivreisande frå store deler av tettstadene øvre/ytre Hareid for å reise med buss til vidaregåande skule i Ulstein, eller til arbeid i Ulstein. – Vi kjenner til pendlarar frå Hareid til Ulstein som har møtt opp der i snart 30 år, og ofte vorte "dyvåte" før bussen kom, skriv grendelaget, som ber administrasjonen i Hareid kommune, anten i eigen regi, eller i nært samarbeid med vegvesenet, prioritere buss-skur i 2010.