Den framtidige flåten med store redningshelikopter skal plasserast på dei seks noverande redningsbasane.

– Prislappen vil liggje på mellom 29 og 39 milliardar kroner for kjøp og drift i den berekna levetidsperioden, opplyser prosjektleiar Kjell Jacob Johannessen i Redningshelikopteranskaffelsen til Stavanger Aftenblad.

Den nye helikopterflåten skal erstatte dei nesten 40 år gamle Sea King-helikoptera. Rygge ved Moss, Sola, Florø, Ørland i Sør-Trøndelag, Bodø og Banak i Finnmark får alle to helikopter kvar. I tillegg blir det vurdert å kjøpe to eller tre maskiner for bruk på Svalbard.

For at utskiftinga skal vere fullført som planlagt i 2020, må dei første nye helikoptera leverast omkring 2017. Det betyr at milliardbestillinga må skje innan 2014. (©NPK)

Dei gamle Seaking-helikoptera skal byttast ut til fordel for meir moderne maskiner (illustrasjonsfoto). Foto: Philip Gabrielsen/Wikimedia Commons