Bjørn Overå (Folkelista) fann det drygt å vente heilt til 3. mars med det første ordinære kommunestyremøtet i 2009. Perny Ann Nilsen (FrP) påpeikte at det aldri hadde vore lagt opp til så få møte som berre seks i løpet av eit år. Det minste ho visste om var åtte. - Seks møte er for lite. Det bør også vere eit møte i slutten av januar og i september, sa ho. Ordførar Hans Gisle Holstad (AP) sa at møteplanen var sett opp utifrå erfaringar, og at administrasjonen ikkje fekk fram fleire saker. - Men vi kan sjølvsagt setje opp fleire møte enn dette - og så sjå om vi får fram saker, la han til. Rådmann Aschehoug peikte på at det i 2008 har vore lagt fram 85 kommunestyresaker. - Deler vi på seks møte, blir det 13 saker pr. møte. Til samanlikning har fylkestinget fire samlingar i året. Det er ein tendens til at talet på kommunestyresaker minkar på grunn av at vi brukar delegasjonsreglementet meir. Rådmannen hevda elles at kommunestyremøte i januar var umuleg, men la til at det sjølvsagt var muleg å kalle inn til ekstra møte dersom det var spesielle saker som kravde det. Ole Frank Bakken (V) sa seg også overraska over at det skulle gå nesten tre månader til neste møte. - Det er for lenge. Vi må gjerne få eit møte i februar. Anders Riise (H) var samd. - Møtefrekvensen er for låg. Vi bør planlegge fleire møte, og heller avlyse dersom dei ikkje er nødvendige. Peny Ann Nilsen (FrP): - Fylkestinget sine samlingar går over tre dagar. Einar Warholm (V) kom så med forslag om kommunestyremøte også 12. februar og 10. september - noko som vart vedteke. Dermed er er Hareid kommunestyre sin møteplan for 2009 på åtte møte.