Rolls-Royce-direktør Helge Gjerde Foto: per eide

- Det er gledeleg at vi held fast på vår sterke posisjon i den brasilianske marknaden også i denne runden av nye kontraheringar, seier direktør for Offshore Propulsion i Rolls-Royce Marine, Helge Gjerde.

- Brasil vil truleg vere den viktigaste enkeltmarknaden globalt innanfor offshore i åra som kjem. Det skal byggast mange skip og riggar dei neste fem åra, og brasilianske styresmakter har klare ambisjonar om at ein stor del av desse skal byggast lokalt i Brasil. Difor set Rolls-Royce no inn store ressursar på å styrkje posisjonen vår i denne marknaden. Mellom anna opna vi ein heilt ny service- og reparasjonsverkstad i Niteroi utanfor Rio de Janeiro i 2009, fortel Gjerde.

- Både verfta og reiarlaga bak desse kontraktane er aktørar vi kjenner frå før, seier salssjef i Offshore Propulsion, Olav Linge Fiskerstrand.

- Rolls-Royce sitt leveringsomfang varierar for dei ulike båttypane, men i hovudsak består det av thrusterar for framdrift og manøvrering, samt kontroll- og automasjonssystem for dynamisk posisjonering. Det meste av utstyret skal leverast i 2010 og 2011, og vil bli produsert i våre fabrikkar i Ulsteinvik og på Longva, avsluttar Fiskerstrand.

Skipa skal byggast ved brasilianske verft, nærare bestemt STX Promar (tre skip) og Alianca skipsverft (fire skip). To av fartøya ved STX Promar er kontrahert av Siem Consub, mens det tredje skal eigast av Deep Sea Supply. Det brasilianske rederiet Companhia Brasileira de Offshore (CBO) står bak dei fire fartøya på Alianca.