Foto: Jorulf Myrene

Ulstein kommune har sendt arealdelen av kommuneplanen ut til høyring. Giske kommune har ikkje felles landgrense med Ulstein, men dei har sett på sjøareala og anna infrastruktur.

Det Giske kommune saknar er Godøya-Flø-sambandet. Sjølv om det er media skriv mest om planane for Hareid fastlandssamband, meiner Giske at Ulstein kommune må teikne inn det ferjefrie sambandet frå Flø på plankartet. Det er viktig at ein har alle dei aktuelle alternativa inn i dei naudsynte kommuneplanane, skriv Giske kommune.

Vegen gjennom Flø må nok oppgraderast om der blir ferjefritt samband mellom Flø og Godøya. (Arkivfoto: Jorulf Myrene)