Mannen vart meldt sakna klokka 11.40 søndag føremiddag. Ein time seinare vart han funnen av dykkerar frå Tromsø brannvesen og redningsskøyta "Gideon". Politiet seier at det ikkje skal ligge føre noko mistenkeleg ved dødsfallet. Det vil likevel rutinemessig bli oppretta ei undersøkingssak. * I dei første presseoppslaga om dødsfallet vart det meldt at den avdøde var mannskap om bord i ein båt frå Hjørungavåg. Det viser seg no å ha vore ei forveksling av heimstad-identiteten til den omkomne og til båten. Meldinga har ført til rykte om at Hjørungavåg-båten "Atlantic Navigator" skal ha mista mannskap - noko som ikkje er tilfelle.