Ulstein kommune har fått eit brev frå Ålesund kommune der det vert opplyst at Sunnmøre krisesenter på vegner av samarbeidskommunane vill drive vidare med same tal på familieplassar for kvinner og born som dei har i dag, i følgje Ulstein kommune sine heimesider. Frå 2010 har kommunane også ansvar for å etablere tilbod for menn og born i eigna lokale. Dette tilbodet vil verte drive fråskilt frå lokala for kvinner og born. Dersom overnattings- og dagtilbodet for menn vert lite brukt, kan det verte organisert som eit beredskapstilbod som raskt kan takast i bruk i ein krisesituasjon.